Til forsiden av klikk.no




Berätta mer
Februari 2009

blogg_ikon3
2/26/2009 5:12:27 PM
Hurra for oss!
ELLE Interiør fyller ti år i år, og ikveld feirer vi med forlaget og gode venner og samarbeidspartnere på Emil & Samuel. Masse bilder kommer i morgen!

ELIN0902
Kommentarer: (3) | Permanent link til dette innlegget

2/4/2009 4:22:45 PM
Inspirerande som få

J’aime Paris … Ja, det er heilt sant. Eg ELSKAR den franske hovudstaden! Eg har ikkje vore der mange gonger, men no har eg endeleg begynt å få litt teken på byen. Funne ut kor eg likar å vere, og kor eg ikkje synes det er fullt så spanande. No sist var eg der i samband med Maison & Objet, møbelmessa som går av stabelen to gonger i året. Messa var fin, om ikkje heilt nyskapande, men eg fann så absolutt inspirasjon denne gongen òg.
Det som ga meg minst like mykje inspirasjon, var å vandre rundt i Le Marais-området, som eg tidlegare har prøvd å finne utan hell. Men med heilt konkrete gatenamn nedskrive i almanakken, var det ikkje noko problem i det heile (takk, Anja!) – og eg hadde det aldeles strålande. For dei av dykk som er like lite kjent som meg, foreslår eg å ta utgangspunkt i rue des Francs Bourgeois, og arbeide dykk rundt derifrå. Og når du først er der, stikk innom den heilt fantastiske butikken Home Autour du Monde (www.autourdumonde.com). Blir du ikkje forelska der, så veit ikkje eg!
Under følgjer først nokre bilde frå sjølve messa, deretter nokre frå butikken. Bon courage!

 

Cecilie

Jul, dåp og Paris 088
 

Paola Navone jobbar for så å seie «alle» for tida, som til dømes Baxter, Reichenbach og Ivano Redaelli (www.ivanoredaelli.com). For sistnemnde har ho innført folklorestilen.



Jul, dåp og Paris 092
 

Hos Baxter (www.baxter.it) hadde ho jobba meir med skinn, dyreformer og -print, og veldig, veldig luksuriøse materialar, i kolleksjonen Black & White. 


Jul, dåp og Paris 089
 

Gervasoni (www.gervasoni1882.it) viste ikkje så veldig mykje anna enn det vi såg i Milano i fjor, men fint er det lell!


Jul, dåp og Paris 102
 

Missoni (www.missoni.com) er alltid fengande, med nye fargar på sine berømte mønstre.


Jul, dåp og Paris 090
 

Vi skimta til og med sjølvaste Rosita Missoni, djupt i ein intervjusamtale. Neste gong er det kanskje vi som kan skilte med det?


Jul, dåp og Paris 099
 

Desse lysa har eg lyst på, òg frå Missoni.

 
Jul, dåp og Paris 104

Danske Muuto (www.muuto.com) var til stades – sjølvsagt.

 
Jul, dåp og Paris 105

Ligne Roset (www.ligne-roset.com) lanserte ny modulsofa – veldig, veldig lekker.

 

 

Og så var det butikken. Eg føler bilda talar for seg sjølve!


Jul, dåp og Paris 197

Jul, dåp og Paris 194

Jul, dåp og Paris 199


Jul, dåp og Paris 200


Jul, dåp og Paris 201

Jul, dåp og Paris 202

 

Kommentarer: (0) | Permanent link til dette innlegget

Følg med på livet i ELLE! Se bloggen vår her.
Bli med i Jordans designkonkurranse
  September 2010 (8)
  August 2010 (9)
  Juli 2010 (8)
  Juni 2010 (12)
  Mai 2010 (29)
  April 2010 (12)
  Mars 2010 (20)
  Februar 2010 (11)
  Januar 2010 (3)
  Desember 2009 (9)
  November 2009 (2)
  Oktober 2009 (12)
  September 2009 (12)
  August 2009 (9)
  Juli 2009 (7)
  Juni 2009 (5)
  Mai 2009 (3)
  April 2009 (1)
  Mars 2009 (12)
  Februar 2009 (2)
  Januar 2009 (3)
  Desember 2008 (4)
  November 2008 (8)
  Oktober 2008 (5)
  September 2008 (4)
  August 2008 (3)
  Juni 2008 (5)
  Mai 2008 (4)
  April 2008 (13)
  Mars 2008 (12)
  Februar 2008 (1)
  Desember 2007 (1)